4,5 millionar kroner til Flora
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 25.05.2001 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Flora kommune får inntil 4,5 millionar kroner til opprusting av Florø sentrum.
Pressemelding
Nr.: 72/2001
Dato: 25.05.2001
4,5 millionar kroner til Flora
Flora kommune får inntil 4,5 millionar kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet til opprusting av Florø sentrum.
Flora kommune planlegg opprustingstiltak i kommunesenteret for totalt 25,6 millionar kroner. Tiltaket gjeld fyrste byggjesteg og er kostnadsrekna til om lag 16 millionar kroner.
- Tilgang til offentleg og privat service og attraktivt sentrumsmiljø er viktig for lokalisering av næringsverksemd og val av bustad. Derfor er det viktig å oppgradere sentra til å vere gode servicesenter for kommunen, seier statssekretær Sverre Bugge i Kommunal- og regionaldepartementet.