Historisk arkiv

500 000 kroner til Fargerik Fotball

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kulturdepartementet, Justisdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet støtter prosjektet Fargerik Fotball i regi av Norges Fotballforbund med til saman 500 000 kroner.

Pressemelding

Nr.: 103/2001
Dato: 01.08.2001

500 000 kroner til Fargerik Fotball

Kulturdepartementet, Justisdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet støtter prosjektet Fargerik Fotball i regi av Norges Fotballforbund med til saman 500 000 kroner. Kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad og kulturminister Ellen Horn har i den samanheng besøkt Norway Cup i dag.

- Idrett, ikkje minst fotball, engasjerer mange barn og ungdom, og deira foreldre. Eit felles engasjement i fotballen gjer at folk med ulike bakgrunn møtes og blir kjende med kvarandre. Slik fungerer fotballen som ein brubyggjar og dermed som ein god arena for arbeidet mot rasisme og diskriminering, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad.

Norges Fotballforbund sitt engasjement i arbeidet mot rasisme og diskriminering og for integrering er svært positivt. Gjennom prosjektet Fargerik Fotball deltek mange frivillige i dette arbeidet i dei lokale idrettsmiljøa rundt om i landet. Regjeringa har ved ei ekstra løyving på 2 millionar kroner til arbeid mot rasisme og diskriminering kunne gi støtte til 38 andre prosjekt i år, i tillegg til Fargerik Fotball. Tiltaka er særleg retta mot barn og unge.