Historisk arkiv

5 millionar kroner til Flora kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Flora kommune får inntil 5 millionar kroner i samband med bygging av industrikaianlegg ved Botnaneset industriområde.

Pressemelding

Nr.: 14/2001
Dato: 07.02.2001

5 millionar kroner til Flora kommune

Flora kommune får inntil 5 millionar kroner i samband med bygging av industrikaianlegg ved Botnaneset industriområde.

Tiltaket omfattar bygging av om lag 100 meter lang kai i tilknyting til eit eksisterande industriområde. Industrikaia er kostnadsrekna til 20 millionar kroner, og inngår som ein del av det planlagde arbeidet med infrastrukturen ved Botnaneset.

Flora kommune er ein allsidig industrikommune med mellom anna skipsverft, oljebase, fiskeindustri og fiskefôrfabrikk. Den planlagde hamna er allsidig med tyngde innan fiskeri og stykkgods, i tillegg til spesialfunksjonar knytt til oljeaktiviteten. Hamneutbygginga vil óg vere viktig for Flora som trafikk-knutepunkt da den ligg geografisk gunstig til mellom Bergen og Ålesund.

- Eit stabilt næringsliv er avhengig av eit godt tilrettelagd hamnetilbod med naudsynt infrastruktur og servicetilbod, seier statssekretær Audun Tron i Kommunal- og regionaldepartementet. - Det er difor positivt at Flora kommune saman med det lokale næringslivet arbeidar med å utvikle Botnaneset industriområde.