Historisk arkiv

Åram blir overført til Vanylven kommune, Møre og Romsdal fylke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa har vedteke at Åram krins i Sande kommune blir overført til Vanylven kommune med verknad frå 1. januar 2002.

Pressemelding

Nr.: 56/2001
Dato: 11.05.2001

Åram blir overført til Vanylven kommune, Møre og Romsdal fylke

Spørsmålet om grenseendring mellom Sande kommune og Vanylven kommune i Møre og Romsdal oppstod ved at det ved årsskiftet 1995/96 blei samla inn underskrifter i Åram, med krav om at krinsen skulle overførast til Vanylven kommune. Åram krins er det einaste fastlandsområdet i Sande kommune, og endra kommunikasjonsforhold har ført til at innbyggjarane i Åram har fått ei nær tilknyting til Vanylven kommune og tenestetilbodet der.

- Avgjerda i denne saka har ikkje vore enkel å ta, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad, som i si vurdering har lagt vekt på at eit klart fleirtal av innbyggjarane i Åram gjennom folkerøysting i 1998 og spørjeundersøking i 2000 har støtta framlegget om grenseregulering. - Ei overføring av Åram til Vanylven vil gi ei meir føremålstenleg kommunegrense, seier Sylvia Brustad.

Sande kommune har i dei fem åra saka har versert stått fast ved at Åram blir verande som ein del av kommunen og har hevda at ei overføring av Åram vil kunne gjere det vanskeleg å oppretthalde tenestetilbodet og tenesteproduksjonen i resten av kommunen. Vanylven kommune har på si side støtta opp under framlegget om endring av kommunegrensa. Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen har tilrådd at Åram krins blir overført til Vanylven kommune.