Fem millionar kroner til Rana
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 08.01.2001 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Rana kommune får inntil fem millionar kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet til å utvikle Mobekkleira som nytt sentrumsområde på Mo.
Pressemelding
Nr.: 02/2001
Dato: 08.01.2001
Fem millionar kroner til Rana
Rana kommune får inntil fem millionar kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet til å utvikle Mobekkleira som nytt sentrumsområde på Mo.
Tiltaket er kostnadsrekna til om lag 19,3 millionar kroner, og omfattar mellom anna fotgjengarundergang mellom Jernbanegata i dagens sentrum og Mobekkleira.
– Tilgang til service og attraktivt sentrumsmiljø er viktig for lokalisering av næringsverksemd og val av bustad. Derfor er det viktig å oppgradere sentra til å vere gode servicesenter for kommunen, seier statssekretær Sverre Bugge i Kommunal- og regionaldepartementet.
Mobekkleira ligg sentralt i forhold til dagens bysentrum, og med dei nye tiltaka blir det lett og trygt å ferdast mellom det gamle bysentret og det nye området for sentrumsutvikling.