Historisk arkiv

Førde får 2,4 millionar kroner til vassverksutbygging

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førde kommune får inntil 2,4 millionar kroner i tilskot i samband med utbygging av andre byggjesteg ved Førde kommunale vassverk.

Pressemelding

Nr.: 10/2001
Dato: 22.01.2001

Førde får 2,4 millionar kroner til vassverksutbygging

Førde kommune får inntil 2,4 millionar kroner i tilskot i samband med utbygging av andre byggjesteg ved Førde kommunale vassverk.

Andre byggjesteg er kostnadsrekna til 21,2 millionar kroner, der 15,9 millionar kroner inngår i tilskotsgrunnlaget. Med tilskotet på 8 millionar kroner til første byggjesteg, har Førde kommune fått til saman 10,5 millionar kroner til vassverksutbygging frå 1997 til 2001.

I tillegg til å betre vassforsyninga til innbyggjarane, har vassverka ei rekkje tenesteytande næringar og anna næringsverksemd innanfor forsyningsområdet.

- Reint vatn er viktig både for næringsliv og busetjing, seier statssekretær Sverre Bugge i Kommunal- og regionaldepartementet. – Derfor er det positivt at Førde kommune prioriterer dette innanfor tronge budsjettrammer.