Forenklingar i plan- og bygningslova på høring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 05.04.2001 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Kommunal- og regionaldepartementet har sendt framlegg til endringar i føresegner til plan- og bygningslova på høring.
Pressemelding
Nr.: 50/2001
Dato: 05.04.2001
Plan- og bygningslova:
Framlegg til enklare føresegner på høring
Kommunal- og regionaldepartementet har i dag sendt framlegg til endringar i føresegner til plan- og bygningslova på høring. Blant anna blir det lagt til rette for smidigare prosessar og enklare sakshandsaming for godkjenning av føretak i byggjesakene. Videre kjem det regler om tryggingskontroll på heis.
Det kjem framlegg om enklare sentral godkjenning av føretak ved at oppgåvene til Godkjenningsnemnda, som i dag godkjenner føretaka sentralt, blir tekne over av Statens bygningstekniske etat. Dette fører til mindre kostnader til administrasjon og ei enklare forvalting. I tillegg blir det eit enklare og mindre omfattande sett av føresegner til plan- og bygningslova.
Det er utarbeidd framlegg om at tryggingskontroll av heis skal kunne gjerast av godkjende føretak som tilfredsstiller nærare kvalifikasjonskrav. Departementet har tidligare sent på høring lovframlegg om å opne marknaden for fleire aktørar, slik at kvalifiserte føretak kan søkje om å bli godkjende for utføring av tryggingskontroll. Dette området blir dermed samordna med kontrollordninga som blei innført for byggjesaker ved reforma i 1997.
Kravet om at det skal vere skorstein i bustader i småhus og i bustadblokker inntil to etasjer er foreslått oppheva. Kravet blei opphaveleg sett av beredskapsomsyn. Departementet meiner det i dag er mogleg å sørgje for alternative energikjelder på anna måte. Krav om skorstein er også eit problem i forhold til forureining.