Historisk arkiv

Holtålen får 2,7 millionar til vassverksutbygging

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Holtålen kommune får inntil 2,7 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet til ny grunnvasskjelde og leidningsnett for Holtålen kommunale vassverk.

Pressemelding

Nr.: 06/2001
Dato: 15.01.2001

Holtålen får 2,7 millionar til vassverksutbygging

Holtålen kommune får inntil 2,7 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet til ny grunnvasskjelde og leidningsnett for Holtålen kommunale vassverk.

Utbetringstiltaka er kostnadsrekna til 10,3 millionar kroner. Det skal gi nok vatn og reint vatn til ca. 500 personar, private og offentlege serviceverksemder, og næringsmiddelbedrifter.

- Reint vatn er viktig både for næringsliv og busetjing, seier statssekretær Sverre Bugge i Kommunal- og regionaldepartementet. - Derfor er det positivt at Holtålen kommune tek sikte på nødvendig opprusting, og prioriterer det i ein stram budsjettsituasjon.