Historisk arkiv

Meir pengar til kommunesektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa reknar no med at realveksten i dei frie inntektene for kommunesektoren - summen av skatt og rammetilskot - blir 1,8 milliard kroner i 2001. Det er 200 millionar kroner meir enn det ein rekna med i statsbudsjettet i fjor haust.

Pressemelding

Nr.: 65/2001
Dato: 11.05.2001

Revidert nasjonalbudsjett 2001:

Meir pengar til kommunesektoren

Regjeringa reknar no med at realveksten i dei frie inntektene for kommunesektoren - summen av skatt og rammetilskot - blir 1,8 milliard kroner i 2001. Det er 200 millionar kroner meir enn det ein rekna med i statsbudsjettet i fjor haust.

Skatteveksten blir 1 milliard kroner meir enn det ein rekna med i statsbudsjettet. Men kommunesektoren får òg auka kostnader på 800 millionar kroner på grunn av høgare lønnsvekst og auka prisar på varer og investeringar.

Kompensasjon for auka pensjonskostnader

Kommunesektoren blir kompensert med i alt 1,7 milliard kroner for auka pensjonskostnader i 2001.

1,25 milliard kroner gjeld avsetningar frå kommunesektoren til barne- og attlevandepensjon. Det er i tråd med budsjettavtalen mellom Arbeidarpartiet og sentrumspartia.

Lønnsoppgjeret for lærarane i 2000 gav kommunesektoren meirutgifter på grunn av større premiesats til Statens Pensjonskasse (SPK). Regjeringa foreslår å kompensere meirutgiftene for kommunesektoren med ei tilleggsløyving på 455 millionar kroner, fordelt med 340 millionar kroner til kommunane og 115 millionar kroner til fylkeskommunane.

Vedlegg: Fordeling av tilleggsbevilgning – Barne- og etterlattepensjon

Vedlegg: Fordeling av tilleggsbevilgning – Kompensasjon for økt pensjonspremie til lærere i Statens pensjonskasse

Begge vedleggene er lagret i Excel-format.