Historisk arkiv

Ølen over til Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 64/2001
Dato: 11.05.2001

Kommuneproposisjonen 2002:

Ølen over til Rogaland

Regjeringa går inn for å overføre Ølen kommune frå Hordaland til Rogaland fylke frå 1. januar neste år.

Den viktigaste årsaka til at Ølen ønskjer overflytting til Rogaland, er endra kommunikasjonsmønster i regionen. Mens fjorden tidlegare var den sentrale samferdselsåra, er etter kvart kommunikasjon over land blitt den viktigaste reisemåten. Haugesund er derfor blitt det naturlege regionsenteret for Ølen.

Det var eit samrøystes kommunestyre i Ølen som i 1999 søkte om å få skifte fylke frå Hordaland til Rogaland. Ein viktig føresetnad for søknaden var ei folkerøysting i Ølen som gav fleirtal for fylkesskifte.

– I vedtaket har eg lagt vekt på at kommunen og innbyggjarane ønskjer å høyre til Rogaland fylke, seier statsråd Sylvia Brustad. – Dessutan har fylkesgrensa på Haugalandet til no delt ein funksjonell region med ein felles arbeids- og bustadmarknad i to. Etter kvart vil ei endra fylkesgrense kunne føre til ei meir einsarta planlegging og utvikling av det samanhengjande området som Haugalandet er.

Behandlinga av søknaden har òg vist at eit fylkesskifte for Ølen vil gje fordelar for innbyggjarane når det gjeld fleire fylkeskommunale og statlege tenester. For nabokommunane og regionen som heilskap vil det få små konsekvensar om Ølen høyrer til Rogaland fylke.