Historisk arkiv

PriceWaterhouseCoopers DA skal gå gjennom UDI

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Konsulentbyrået skal ta for seg administrasjonen og ressursbruken i UDI si juridiske avdeling, og økonomistyringa i UDI generelt.

Pressemelding

Nr.: 66/2001
Dato: 11.05.2001

PriceWaterhouseCoopers DA skal gå gjennom UDI

PriceWaterhouseCoopers DA har fått oppdraget med å gå gjennom Utlendingsdirektoratet (UDI). Konsulentbyrået skal ta for seg administrasjonen og ressursbruken i UDI si juridiske avdeling, og økonomistyringa i UDI generelt. Arbeidet startar opp i neste veke og skal vere ferdig innan 1. august 2001.

I alt 17 konsulentfirma la inn tilbod på oppdraget om å gå gjennom drifta i UDI. Fristen for å gi tilbod var 23. april. PriceWaterhouseCoopers seier dei vil vere meir konkrete i evalueringa si enn det tidlegare evalueringar har vore. Syner gjennomgangen høve til forbetring, skal firmaet kome med forslag til løysingar.

Departementsråd Karin Moe Røisland i Arbeids- og administrasjonsdepartementet skal leie arbeidet. Representantar frå mellom andre dei frivillige organisasjonane skal vere referansegruppe. Nøkkelpersonar i UDI skal hjelpe PriceWaterhouseCoopers i arbeidet.