Historisk arkiv

Regjeringa satsar på barnehagar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 59/2001
Dato: 11.05.2001

Kommuneproposisjonen 2002:

Regjeringa satsar på barnehagar

Lågare foreldrebetaling og barnehageplassar til alle som ønskjer det er viktige mål for Regjeringa. Satsinga på barnehagar startar allereie i år.

- Barnehagar er eit viktig satsingsområde for Regjeringa, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad. - I dag er det mange som ikkje har barnehageplass, og dei som har plass, opplever at prisen er høg. Det vil vi gjere noko med, og allereie frå juli i år vil vi auke det statlege driftstilskotet til barnehagar. Auken skal kome foreldra til gode.

- Vi skal dessutan gjere kommunane i stand til å yte sin del av det som det kostar å byggje fleire barnehagar. Det har vi også lagt inn midlar til, seier kommunalministeren. For 2002 vil regjeringa satse 1 milliard kroner ekstra til barnehagar. Pengane skal brukast til å byggje 10 000 fleire barnehageplassar og auke det statlige driftstilskotet slik at foreldrebetalinga kan reduserast enda meir enn i år.