Historisk arkiv

Statleg innsats i regional utvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Eit utval skal utgreie verknadene av ulike typar statleg innsats for regional utvikling og for å nå distriktspolitiske mål. Utvalet blir leia av Hallgeir Aalbu. Det er oppnemnd i statsråd i dag.

Pressemelding

Nr.: 138/2001
Dato: 05.10.2001

Statleg innsats i regional utvikling

Eit utval skal utgreie verknadene av ulike typar statleg innsats for regional utvikling og for å nå distriktspolitiske mål. Utvalet blir leia av Hallgeir Aalbu. Det er oppnemnd i statsråd i dag.

Distrikts- og regionalpolitikken femner mange sektorar. Det er i liten grad gjort systematiske og samla faglege vurderingar av heile politikkområdet. Utgreiingsarbeidet skal mellom anna omfatte samferdsel og landbruk og dei spesielle distriktspolitiske verkemidla.

Arbeidet skal betre grunnlaget for politiske prioriteringar. Utvalet skal både samanfatte eksisterande kunnskap og gjere eigne utgreiingar. Arbeidet skal avsluttast i 2003.

Hallgeir Aalbu, direktør ved Nordregio i Stockholm, skal leie utvalet. Dei andre medlemmene er forskar Elisabeth Angell, Alta, forskingsdirektør Ådne Cappelen, Oslo, førsteamanuensis Tone Haraldsen, Oslo, professor Arild Hervik, Molde, forskar Grete Rusten, Bergen, og professor Tor Selstad, Lillehammer.