To millionar kroner til arbeid mot rasisme og diskriminering
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 29.06.2001 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Regjeringa har løyvd to millionar kroner i ekstraordinære middel til arbeid mot rasisme og diskriminering. Målsetjinga med tilskotet er å fremje kontakt og dialog mellom ungdomsgrupper med ulik bakgrunn i lokalsamfunna, og på den måten motverke og hjelpe til å løyse konfliktar.
Pressemelding
Nr.: 85/2001
Dato: 29.06.2001
To millionar kroner til arbeid mot rasisme og diskriminering
Regjeringa har løyvd to millionar kroner i ekstraordinære middel til arbeid mot rasisme og diskriminering. Målsetjinga med tilskotet er å fremje kontakt og dialog mellom ungdomsgrupper med ulik bakgrunn i lokalsamfunna, og på den måten motverke og hjelpe til å løyse konfliktar.
– Ungdom er både ei viktig målgruppe og ein sentral aktør i arbeidet mot rasisme. Derfor har vi prioritert prosjekt som er retta mot ungdom og som involverer ungdom, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad.
Kommunal- og regionaldepartementet og UDI fekk meir enn 300 søknader på over 40 millionar kroner til saman. Det er stor spreiing i dei nesten 40 tiltaka og prosjekta som får støtte. Dei omfattar kulturtiltak (konsertar, bøker, teater og film), tiltak som aukar deltakinga i frivillige organisasjonar og idretten, haldningsskapande tiltak som gjeld skole og fritid, møte og konferansar, og nokre utviklingstiltak - særleg i skolen.
Lokale samfunnsaktivitetar som involverer ungdom er prioritert. Det er også tiltak som fører til at innvandrarungdom deltek i organisasjonar eller i samfunnslivet generelt. Område som er eller har vore utsette for rasisme og rasistisk vald er også tilgodesette.
Vedlagt (Word-format) føljer liste over dei tiltaka som til no har fått løyve. Det står att å fordele 100.000 kroner som skal gå til eit prosjekt i idretten.