Historisk arkiv

Vidare satsing på nærbutikkar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Som ein del av Kommunal- og regionaldepartementet si utkantkommunesatsing, skal Merkur-programmet for nærbutikkane halde fram.

Pressemelding

Nr.: 12/2001
Dato: 22.01.2001

Vidare satsing på nærbutikkar

Som ein del av Kommunal- og regionaldepartementet si utkantkommunesatsing, skal programmet for nærbutikkane halde fram.

Det såkalla MERKUR-programmet skal vere med å sikre at lokalsamfunnet i distrikta får tilgang på varer og lokal service. Nærbutikkar over hele landet deltek i programmet.

Programmet gjeld butikkfagleg satsing, arbeid med å skaffe butikkane tilleggsoppgåver, og arbeid for at nærbutikken kan vere eit ressurssenter i lokalsamfunnet. Programmet samarbeider med butikkjedene og kommunane.

- Nærbutikken speler ei nøkkelrolle i arbeidet med å sikre tilgang på varer og lokal service. Derfor ser departementet det som viktig at programmet held fram, seier statssekretær Sverre Bugge i Kommunal- og regionaldepartementet. Departementet har løyvt 9 millionar kroner til programmet i, som er ein million kroner meir enn i fjor.