Historisk arkiv

Korrigert om Ølen kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Korrigering av innhold i innlegg i KRD-nytt nr. 4 2000.

Korrigert om Ølen kommune

KRD-nytt hadde i nr. 4-00 eit innlegg om at Ølen vil bli verande i Hordaland fylke. Dette er enno ikkje avgjort.

Det er riktig at Ølen kommune i brev av 9. juni 2000 vart underretta om at deira søknad om overflytting frå Hordaland til Rogaland fylke ikkje kunne imøtekommast. Bakgrunnen for dette var at det i høyringsrunden vart avdekt usemje om saka. Fylkestinget i Hordaland seier i si høyringsfråsegn at eit fylkesskifte for Ølen vil ha klare konsekvensar for nabokommunane og regionen som heilskap. Departementet vurderte det difor slik at det var naudsynt med ei tilleggsutgreiing dersom saka skulle leggjast fram for Stortinget.

Regjeringa skal allereie våren 2001 leggje fram ei melding for Stortinget om Oppgåvefordelingsutvalet si utgreiing, der både storleiken og talet på fylke er sentrale tema. Difor fann statsråden det då teneleg å vente med ei tilleggsutgreiing om konsekvensar for nabokommunar, av at Ølen kommune skiftar frå Hordaland til Rogaland fylke.

I samband med handsaminga av kommuneøkonomiproposisjonen for 2001, kom saka om skifte av fylke for Ølen kommune opp til drøfting. Eit fleirtal i Stortinget bad om ei tilleggsutgreiing, slik at saka kan leggjast fram for Stortinget våren 2001.

Departementet har gitt Rogalandsforsking oppdraget med å gjere utgreiinga. Før utgreiinga blir sett i gang skal eit møte med høyringsinstansane der Rogalandsforsking vil presentere opplegget for utgreiinga og der det er høve for dei involverte partane å kome med innspel.