Historisk arkiv

Bør tilskota frå staten til kommunane framleis vere øyremerkte?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

25.07.00 Lunde-utvalet leverte tysdag si innstilling til statsråd Trond Giske. Utvalet har vurdert fire ulike øyremerkte tilskotsordningar til kommunesektoren som gjeld utdanning.

Pressemelding

Nr.: 067-00
Dato: 25.07.00

Bør tilskota frå staten til kommunane framleis vere øyremerkte?

Statsråd Trond Giske mottok tysdag ei innstilling om fire øyremerkte tilskotsordningar til kommunesektoren. Utvalet har vore leia av utdanningsdirektør Kjellbjørg Lunde og har elles vore samansett av representantar frå Kommunenes sentralforbund, lærarorganisasjonane, Kommunal- og regionaldepartementet, Statens utdanningskontor og KUF.

Bakgrunnen for utvalet sitt arbeid er at Stortinget ved handsaminga av statsbudsjettet for 2000 og Stortingsproposisjon nr. 14 om endringar på statsbudsjettet for 1999, ba regjeringa sette ned eit representativt utval som skulle gjennomgå fire tilskotsordningar slik at desse skulle sikrast forutsigbare og trygge rammevilkår. Dei fire ordningane gjeld tilskot til opplæring av språklege minoritetar i grunnskolen, leirskoleopplæring, musikk- og kulturskolar og opplæring innan kriminalomsorga.

– Innstillinga er eit viktig innspel i arbeidet med å gi kommunane større handlefridom og ansvar, seier statsråd Trond Giske. – Regjeringa vil vurdere utvalet sine konklusjonar i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2001.

Utvalet sin rapport har følgjande konklusjonar:

  • Utvalet tilrår at tilskotet til opplæring for språklege minoritetar framleis blir øyremerkt, men tilrår samstundes nokre endringar i ordninga.
  • Utvalet tilrår at tilskotet til opplæring for barn i statlege asylmottak blir årleg justert for pris- og lønsauke. Eit fleirtal i utvalet tilrår at skoletillegget blir innlemma i det ordinære integrerings-tilskotet, medan mindretalet tilrår at øyremerkinga over budsjettet til KUF bør stå ved lag.
  • Fleirtalet i utvalet tilrår at tilskot til leirskoleopplæring blir innlemma i rammetilskotet. Eit mindretal tilrår at ein held på øyremerkinga og aukar tilskotssatsen.
  • Fleirtalet i utvalet tilrår innlemming av tilskotsordninga til musikk- og kulturskolar i rammetilskotet. Eit mindretal tilrår å behalde øyremerkinga, men foreslår samstundes nokre endringar i tilskotsordninga.
  • Undervisninga i fengsla er eit statleg ansvar. Opplæringa er basert på ein avtale mellom staten og fylkeskommunane og inneber 100 prosent finansiering av tenesta. Utvalet tilrår at løyvinga framleis blir øyremerkt, men at ho årleg blir justert for pris- og lønsauke.

Rapport: Ein gjennomgang av fire øyremerkte tilskottsordningar til kommunesektoren