Historisk arkiv

Endringar i opplæringslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Vaksne får rett til grunnskole og vidareågande opplæring og godkjenningsordninga for lærebøker blir oppheva

Vaksne vil få ein lovfesta rett til grunnskole og vidaregåande opplæring. Lærebokgodkjenninga vil bli oppheva. Elevar frå nærskolen kan i særskilde tilfelle bli flytta og det blir innført rett til opplæring i punktskriftDette er nokre av hovudpunkta i Odelstingsproposisjon nr. 44 (1999-2000) om endringar i Opplæringslova som vart lagt fram for Stortinget fredag.

Pressemelding

Nr.: 032-00
Dato: 28.05.00

Endringar i opplæringslova:
Vaksne får rett til grunnskole og vidaregåande opplæring og godkjenningsordninga for lærebøker blir oppheva

Endringar i opplæringslova:
Vaksne får rett til grunnskole og vidaregåande opplæring og godkjenningsordninga for lærebøker blir oppheva

Vaksne vil få ein lovfesta rett til grunnskole og vidaregåande opplæring

Lærebokgodkjenninga vil bli oppheva

Elevar frå nærskolen kan i særskilde tilfelle bli flytta

Det blir innført rett til opplæring i punktskrift

Dette er nokre av hovudpunkta i Odelstingsproposisjon nr. 44 (1999-2000) om endringar i Opplæringslova som vart lagt fram for Stortinget fredag. Proposisjonen inneheld fleire viktige framlegg til lovendringar innanfor vidaregåande opplæring, grunnskole og privatskolar. Opplæringslova vart vedtatt i juni 1998 og tok til å gjelde 1. august 1999.

-Framlegget slår fast at vaksne skal ha rett til grunnskole og vidaregåande opplæring. Dette er eit viktig ledd i gjennomføringa av Handlingsplanen for Kompetansereforma, seier statssekretær Berith Bergersen.

Vaksne skal ha rett til grunnskoleopplæring dersom dei har behov for det. Retten gjeld opplæring i dei faga som trengst for å få vitnemål for fullført grunnskole for vaksne; norsk, engelsk, matematikk og to av faga kristendom med religions- og livssynsorientering (KRL), natur- og miljøfag og samfunnsfag.

Vaksne får ein lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Dette gjeld dei som er fødde før 1978 og som dermed ikkje har nytt godt av Reform 94. Opplæringa skal vere tilpassa dei ulike behova vaksne har. Det skal leggjast vekt på å utnytte informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) ved blant anna å kombinere dette med ulike former for opplæringstilbod i nærmiljøet.

Framh. s. 2

Elevar innan vidaregåande opplæring får dessutan rett til lenger opplæringstid ved omval, dei får rett til inntil fem års opplæring dersom dei etter sakkunnig vurdering har behov for det, og dei får høve til å ta permisjon/avbrot i opplæringa i to år mot eitt år tidlegare. Vidare skal det, på visse vilkår, bli høve til å teikne kontrakt med bedrift om opplæring sjølv om målet ikkje er fullt fagbrev.

Når dei nye rettane tek til å gjelde, vil omfangsforskrifta bli oppheva, blant anna fordi retten til vidaregåande opplæring no vil knyte seg til den einskilde vaksne.

Godkjenningsordninga av lærebøker blir oppheva. Den første form for godkjenningsordning har vi allereie i Lov om almueskolen på landet frå 1860. Dei seinare åra har ordninga vore administrert av Nasjonalt læremiddelssenter. Ansvar for kvaliteten på lærebøkene skal i framtida leggjast til forlaga, forfattarane og fagmiljøa.

For å sikre den språklege kvaliteten på lærebøkene blir det foreslått at lærebøker til bruk i skolen skal følgje læreboknormalen. Likestillingsperspektivet skal haldast i hevd ved at likestillingslova § 7 pålegg skolane å berre bruke læremiddel som byggjer på likestilling mellom kjønna.

Ordninga der ein i særskilde tilfelle kan flytte grunnskoleelevar frå nærskolen blir innført på nytt. Slike tilfelle kan vere der åtferda til eleven i alvorleg grad går ut over skole- og læringssituasjonen for dei andre elevane og at det dermed ikkje er forsvarleg å gi eleven opplæringstilbodet på nærskolen. Andre tiltak skal vere prøvd ut før det blir gjort vedtak om å flytte eleven.

Sterkt svaksynte elevar og blinde elevar skal ha rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i å bruke nødvendige tekniske hjelpemidlar. Elevane skal også ha rett til nødvendig opplæring i å ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet.

Faktablad

Ot prp. nr. 44 (1999-2000) om endringar i Opplæringslova