Historisk arkiv

Handlingsplan for rekruttering til fiskerifag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 048-00
Dato: 06.06.00

Presseinvitasjon
Handlingsplan for rekruttering til fiskerifag

Ei arbeidsgruppe som har utarbeidd ein handlingsplan for rekruttering til fiskerifag og akvakulturstudium i vidaregåande opplæring og på høgre nivå vil levere sin rapport

tysdag 6. juni kl. 16.30 på statsrådens møterom, 5. etg. i Y-blokka.

Gruppa har m.a. drøfta kompetansebehov på ulike nivå innan næringa, korleis auke samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og næringa, og sett på tiltak for å heve kompetansen for dei som alt er i arbeid i næringa. May B. Manin, daglig leiar i Fiskerinæringens Felles Kompetansestyre (FFK) har vore leiar i arbeidsgruppa.

Vel møtt!