Historisk arkiv

KUF set fokus på lærarutdanninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

25.09.00 KUF vil i haust setje søkelyset på lærarutdanninga ved å arrangere fem høyringsmøte der studentar og fagpersonar kan sei si meining om dagens lærarutdanning. Møta vil bli ved høgskolane i Hedmark, Finnmark, Stavanger, Vestfold og Oslo.

Pressemelding

Nr.: 079-00
Dato: 25.09.00

KUF set fokus på lærarutdanninga

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil i tida framover setje søkelyset på lærarutdanninga. I løpet av hausten vil det bli arrangert fem høyringsmøte for at studentar og fagpersonar kan sei si meining om dagens lærarutdanning. Eit sentralt mål er at utdanninga skal vere av høg kvalitet og at rekrutteringa til lærarutdanninga skal vere stabil og god.

Møta blir arrangert ved desse høgskolane:

Høgskolen i Hedmark25. september

Høgskolen i Finnmark 4. oktober

Høgskolen i Stavanger 6. oktober

Høgskolen i Vestfold10. oktober

Høgskolen i Oslo 15. november

Dei fire første møta er konsentrerte om lærarutdanninga ved den einskilde institusjonen. Møtet ved Høgskolen i Oslo er ei nasjonalt slutthøyring med representantar frå alle høgskolane. Statsråd Trond Giske deltar på slutthøyringa i Oslo, medan statssekretær Randi Øverland i tillegg vil vere til stades på dei regionale møta.

Høyringsmøta vil fokusere både på førskole- og allmennlærarutdanning og det vil bli lagt vekt på å synleggjere både gode og svake sider. Sentrale tema for høyringa er læringsmiljø; arbeids- og undervisningsformer, samspelet student og fagperson, IKT og innhald i og organisering av lærarutdanninga; fordjuping, basisfag, tverrfaglege emne.