Olav og Sunnivastipendet 2000
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.09.2000 | Sist oppdatert: 21.10.2006
05.09.00 Statsråd Trond Giske deler onsdag 6. september kl. 12.00 ut Olav- og Sunnivastipendet . Dette skjer i Kirkens hus i Oslo.
Pressemelding
Nr.: 073-00
Dato: 05.09.00
Olav- og Sunnivastipendet 2000
Tid: Onsdag 6. september kl. 12.00
Stad: Kirkens hus, Underhaugsveien 15, Oslo
Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Trond Giske vil på ei tilskiping i Kirkens Hus i Oslo onsdag dele ut Olav- og Sunnivastipendet for 2000.
Oslo biskop Gunnar Stålsett og direktøren i Kyrkjerådet Erling Pettersen vil delta på tilskipinga. Det vil bli kunstneriske innslag med musikarar frå Chateau Neuf Spelemannslag.
Stipenda er utlyst av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Olavstipendet vert tildelt først og fremst prestar i Den norske kyrkja. Sunnivastipendet vert tildelt medlemmer av dei kyrkjelege råda.
Pressa er invitert til lunsj saman med stipendiatane frå kl. 11.30.