Historisk arkiv

Stoltenberg og Giske til utdanningskonferanse i Sandvika

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

23.10.00 Både statsminister Jens Stoltenberg og kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Trond Giske vil delta på den årlege utdanningskonferansen med hovudvekt på vidaregåande opplæring tysdag 24. oktober.

Pressemelding

Nr.: 091
Dato: 23.10.00

Priv. til red.

Stoltenberg og Giske til utdanningskonferanse i Sandvika

Både statsminister Jens Stoltenberg og kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Trond Giske vil delta på den årlege utdanningskonferansen med hovudvekt på vidaregåande opplæring tysdag 24. oktober.

Konferansen vil vere på Hotel Oslofjord i Sandvika 24.-25. oktober.

Stoltenberg vil i sitt innlegg kl. 12.15 m.a. kome inn på framlegget til statsbudsjettet og korleis dette verkar inn på forsking og undervisning.
Statsråd Giske vil i si innleiing kl. 11.15 snakke om "En frisk opplæring" og deretter dele ut prisen for Årets lærebedrift.

Andre innleiarar vil vere den danske undervisningsministeren Margrete Vestager som vil snakke om "en rettferdig verden i økologisk balanse", og utviklingsminister Anne Kristin Sydnes som vil ta for seg temaet "Hvordan gjenreise solidaritet hos den oppvoksende slekt?"

Vedlagt program.

Pressa er invitert til å delta på heile eller delar av konferansen.

Velkommen!