Historisk arkiv

Styre i Læringssenteret oppnemnt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

13.12.00 KUF har oppnemnt styre for Læringssenteret

Pressemelding

Nr.: 101-00
Dato: 13.12.00

Styre i Læringssenteret oppnemnt

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har oppnemnt styre for Læringssenteret.

Desse er oppnemnt:

Styremedlemmer:

Astrid Søgnen, leiar

Peder Haug

Sigrun Vågeng

Bente Wollebæk

I tillegg kjem ein representant for dei tilsette

Varamedlemmer:

Berit Svensen

Svein Lie

Gunnar Grepperud

I tillegg kjem ein vararepresentant for dei tilsette

Oppnemninga gjeld frå 27. november 2000 t.o.m. 31. august 2002.

Læringssenteret vart oppretta 1. september i år og er ein statsorganisasjon med eige styre. Senteret fører vidare oppgåver frå Nasjonalt læremiddelsenter, Eksamenssekretariatet og KUF. Læringssenteret skal vere eit nasjonalt kompetansesenter for utdanningssektoren med oppgåver og ansvar innan utvikling, vurdering og informasjon. Grunnskole og vidaregåande opplæring er prioriterte område. Læringssenteret skal bidra til eit heilskapleg perspektiv på lærings-, forsøks- og utviklingsarbeid, forsking og vurdering. Senteret skal arbeide for kvalitetsutvikling i grunnskole og vidaregåande opplæring.