Historisk arkiv

Trond Giske ny kyrkje-, utdannings- og forskingsminister

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

17.03.00 Trond Giske vart i statsråd 17. mars utnemnt til kyrkje-, utdannings- og forskingsminister i regjeringa Stoltenberg.

Pressemelding

Nr.: 023/-00
Dato: 17.03.00

Trond Giske ny kyrkje-, utdannings- og forskingsminister

Trond Giske vart i statsråd 17. mars utnemnt til kyrkje-, utdannings- og forskingsminister i regjeringa Stoltenberg.

Giske (33) kjem frå Trondheim. Han vart valt inn på Stortinget for Sør-Trøndelag Arbeidarparti i 1997, og har i stortingsperioden vore medlem i finanskomiteen. Han er utdanna cand. mag. med faga sosialøkonomi, statsvitskap og jus.

Trond Giske har hatt ei rekkje politiske verv innan arbeidarrørsla. Han var. m.a. leiar for AUF i perioden 1992-96 og medlem i sentralstyret i Arbeidarpartiet i same periode.