Historisk arkiv

Lettare å få løyve til å spreie oske etter gravferd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

KUF gjer framlegg om å gjere det enklare å kunne få løyve til å spreie oska etter ein avdød. Dessutan skal det vere høve til å få søknaden handsama medan personen framleis lever. (04.05.01)

Pressemelding

Nr.: 038-01
Dato: 04.05.01

Nytt lovframlegg frå KUF

Lettare å få løyve til å spreie oske etter gravferd

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjer framlegg om å gjere det enklare å kunne få løyve til å spreie oska etter ein avdød. Dessutan skal det vere høve til å få søknaden handsama medan personen framleis lever.

Dette er eitt av hovudpunkta i Ot. prp. nr. 90, om endringar i kyrkjelova, gravferdslova og Lov om Opplysningsvesenets fond, som passerte Statsråd fredag.

Tilgangen til å spreie oska etter ein avdød for vinden vart innført ved gravferdslova frå 1996. Krava for at det skal kunne givast slikt løyve er i følgje denne lova strenge. Det blir no lettare å få slikt løyve, og dessutan blir det også opna for at foreldre kan få tilgang til å spreie oska etter avdøde born.

Det blir vidare foreslått at sambuar skal kunne få samme retten som ektefelle til å sørgje for gravferd etter avdød person og at reglar om kven som skal vere ansvarleg for ei grav etter gravlegging blir tatt inn i lova.

Det blir også foreslått å endre Lov om Opplysningsvesenets fond slik at også gevinstar ved sal av verdipapir i fondet kan nyttast til kyrkjelege føremål. Stortinget har ved handsaminga av St. meld nr. 14 (2000-2001) om økonomien i kyrkja vedtatt at Opplysningsvesenets fond kunne ha eit utvida finansielt ansvar for kyrkjelege oppgåver.