Historisk arkiv

Ørnulf Axel Elseth ny domprost i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Generalsekretær Ørnulf Axel Elseth vart i statsråd fredag utnemnt til domprost i Bergen domprosti. (27.04.01)

Pressemelding

Nr.: 035-01
Dato: 27.04.01

Ørnulf Axel Elseth ny domprost i Bergen

Generalsekretær Ørnulf Axel Elseth vart i statsråd fredag utnemnt til domprost i Bergen domprosti og sokneprest i Domkirken prestegjeld. Han er i dag generalsekretær i KFUK-KFUM.

Ørnulf Axel Elseth (48) tok teologisk embetseksamen i 1976 og praktisk -teologisk eksamen i 1977. Han har tidlegare vore marineprest i Horten, sokneprest i Varteig og stiftskapellan/rådgivar ved Borg bispedømmekontor. Frå 1993 har Elseth vore generalsekretær i KFUK-KFUM.