Historisk arkiv

Regjeringa satsar på studentbustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Regjeringa tek sikte på å føre vidare satsinga på bygging av studentbustader med 1 000 bustadeiningar i året fram til 2005. Det blir lagt opp til at ein av 30 studentbustader i dei store byane blir lagt til rette for funksjonshemma. (02.04.01)

Pressemelding

Nr.: 027-01
Dato: 02.04.01

Regjeringa satsar på studentbustader

Regjeringa tek sikte på å føre vidare satsinga på bygging av studentbustader med 1 000 bustadeiningar i året fram til 2005. Det blir lagt opp til at ein av 30 studentbustader i dei store byane blir lagt til rette for funksjonshemma.

Dette går fram av Handlingsplanen for studentbustader som Regjeringa la fram måndag.

I handlingsplanen tek Regjeringa sikte på å øyremerkje ein del av løyvinga for å leggje til rette studentbustader for funksjonshemma. Samskipnadene kan søkje om midlar til ombygging av studentbustader som særskilt skal nyttast til dette føremålet.

Ordninga

Tilskotsordninga skal sikre at det blir bygt bustader for studentar, dessutan vere eit verkemiddel for å sikre kvalitet i høgre utdanning.

Studentsamskipnader og godkjende studentbustadstiftingar kan søkje departementet om tilskot til å byggje studentbustader. Departementet godkjenner prosjekta etter tilråding frå Rådgivende organ for studentboligbygging (ROS).

Frå og med 2000 vart det opna for at tilskotssatsen i pressområde kan aukast til 300 000 kroner, men innafor den øvre grensa for tilskot på 60 prosent av byggjekostnadene.

Oslo har blitt prioritert ved tildeling av tilsegn i dei seinare åra, og vil bli prioritert i åra framover som følgje av å vere eit pressområde. I tillegg vil dei store studiestadene Bergen og Trondheim prioriterast.

Handlingsplanen