Endringar i opplæringslova
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
Vaksne får rett til grunnskole og vidaregåande opplæring og lærebokgodkjenninga blir oppheva
Pressemelding | Dato: 28.04.2000 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Odelstingsproposisjon nr. 44 (1999-2000) om endringar i opplæringslova vart lagd fram for Stortinget 28. april. Proposisjonen inneheld fleire viktige framlegg til lovendringar som gjeld grunnskolen, den vidaregåande opplæringa og privatskolar.
Endringar i opplæringslova:
Vaksne får rett til grunnskole og vidaregåande opplæring
Lærebokgodkjenninga blir oppheva
Omfangsforskrifta blir oppheva
Unntak frå nærskoleprinsippet i heilt spesielle tilfelle
Rett til opplæring i punktskrift
Odelstingsproposisjon nr. 44 (1999-2000) om endringar i opplæringslova vart lagd fram for Stortinget 28. april. Proposisjonen inneheld fleire viktige framlegg til lovendringar som gjeld grunnskolen, den vidaregåande opplæringa og privatskolar. Framlegget slår fast at vaksne skal ha rett til grunnskole og vidaregåande opplæring som ledd i gjennomføringa av Kompetansereforma. Det blir også foreslått å oppheve godkjenningsordninga for lærebøker, å gi høve til i heilt spesielle tilfelle å flytte elevar frå nærskolen og rett til opplæring i punktskrift. Opplæringslova vart vedteken i juni 1998 og tok til å gjelde 1. august 1999.
Rett til grunnskoleopplæring for vaksne
Vaksne skal ha rett til grunnskoleopplæring dersom dei har behov for det.
Retten gjeld vaksne som ikkje har fullført grunnskolen og vaksne som har fullført, men likevel treng meir grunnskoleopplæring.
Retten omfattar til vanleg opplæring i dei fem faga som trengst for å få vitnemål for fullført grunnskole for vaksne. Desse fem faga er norsk, engelsk, matematikk og to av faga kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL), natur- og miljøfag og samfunnskunnskap. I somme høve, særleg for dei som treng spesialundervisning, er det opna for rett til opplæring i andre fag. Ein kan då ta utgangspunkt i heile læreplanverket (L97 og L 97S).
Opplæringa og undervisningsmateriellet skal vere gratis, og tilboda skal tilpassast den einskilde.
Kommunen har ansvaret for opplæringa, mens studieforbund eller fjernundervisnings-institusjonar kan stå for den praktiske gjennomføringa.
Vaksne som ikkje får tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, har - som tidlegare - rett til spesialundervisning.
1 Rett til vidaregåande opplæring for vaksne fødde før 1978
Vaksne som er fødde før 1978 og dermed ikkje har nytt godt av Reform 94, får lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Opplæringa skal vere tilpassa deira ulike behov. Det skal leggjast vekt på å utnytte informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) ved blant anna å kombinere denne med ulike former for opplæringstilbod i nærmiljøet.
Fylkeskommunen har ansvaret for å oppfylle retten og kan nytte studieforbund og fjernundervisningsinstitusjonar til dette.
Vaksne kan også framleis bli tekne inn til vanleg vidaregåande opplæring og dermed få rett etter dei same reglane som gjeld for vanlege elevar.
Rett til å fullføre eit treårig opplæringsløp
Dersom dei først er tekne inn i vidaregåande opplæring, vil vaksne fødde før, i og etter 1978 også få lovfesta rett til å fullføre opplæringsløpet. I dag finst ikkje nokon slik rett.
Retten til vidaregåande opplæring utvida til inntil fem år
Elevar som etter sakkunnig vurdering treng utvida opplæringstid, får lovfesta individuell rett til utvida vidaregåande opplæring i inntil fem år. Retten gjeld heiltids opplæring i inntil to år ekstra. Vilkåra er at eleven har rett til spesialundervisning, og at det ligg føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova eleven har.
Rett til eit ekstra opplæringsår ved omval
Elevar som gjer omval og nyttar eit ekstra år, får lovfesta rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette kan stimulere fleire unge til å velje meir utradisjonelt sidan dei slepp å frykte at dei samstundes bruker opp retten sin. Den maksimale tida den einskilde kan nytte på opplæringsløpet for å nå full studie- eller yrkeskompetanse, blir utvida frå fire til fem år (seks år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i lærebedrift).
Kompetanse på lågare nivå
Ungdom skal kunne gjennomføre eit planlagt opplæringsløp i bedrift med lågare kompetanse som mål. Når ein siktar mot kompetanse på lågare nivå i eit fag, vil målet for opplæringa ikkje omfatte alle måla i læreplanen for faget. Framlegget inneber at det blir oppretta ein opplæringskontrakt med ei bedrift som ansvarleg. Ungdom som teiknar opplæringskontrakt i fag som har læretid i bedrift med sikte mot kompetanse på lågare nivå, skal kallast lærekandidatar og skal gå opp til ei kompetanseprøve.
2 Omfangsforskrifta blir oppheva
Når dei nye rettane tek til å gjelde, vil omfangsforskrifta bli oppheva, blant anna fordi retten til vidaregåande opplæring no vil knyte seg til den einskilde vaksne. Omfangsforskrifta inneber at fylkeskommunane skal ha eit omfang av vidaregåande opplæring som svarer til 375 prosent av eit gjennomsnittleg årskull 16-19-åringar.
3 Oppheving av lærebokgodkjenninga
Godkjenningsordninga for lærebøker blir oppheva. Den første forma for godkjenningsordning har vi allereie i Lov om Almueskolevæsenet paa Landet frå 1860. Dei seinare åra har ordninga vore administrert av Nasjonalt læremiddelsenter. Ansvaret for kvaliteten i lærebøkene skal i framtida leggjast til forlaga, forfattarane og fagmiljøa. Det er læreplanen som skal vere styrande for undervisninga, ikkje lærebøkene. Når staten har sett sitt "godkjenningstempel" på lærebøkene kan undervisning basert på lærebøker blir forsterka.
4
For å sikre den språklege kvaliteten i lærebøkene blir det foreslått at lærebøker til bruk i skolen skal følgje læreboknormalen. Likestillingsperspektivet skal haldast i hevd ved at likestillingslova § 7 pålegg skolane berre å bruke læremiddel som byggjer på likestilling mellom kjønna.
5 Flytting av elevar frå nærskolen
Ordninga der kommunen i heilt spesielle tilfelle kan flytte grunnskoleelevar frå nærskolen, blir innført på nytt. Slike tilfelle kan vere der åtferda til eleven i alvorleg grad går ut over skole- og læringssituasjonen for dei andre elevane, slik at det ikkje er forsvarleg å gi eleven opplæringstilbodet på nærskolen. Andre tiltak skal vere prøvde ut før det blir gjort vedtak om å flytte eleven. Dette gjeld også tiltak der ekstra ressursar blir sette inn i klassen for å avhjelpe situasjonen.
Funksjonshemma elevar skal framleis ha rett til eit fullverdig skoletilbod ved nærskolen. Funksjonshemma elevar skal såleis ikkje kunne flyttast berre for å hjelpe eleven sjølv, utan samtykke frå foreldra. Skolebygga må tilpassast behova hjå funksjonshemma, og opplæring og tilsynsfunksjonar må vere lagde opp slik at funksjonshemma elevar blir integrerte i nærskolen. Dette gjeld også når funksjonshemminga medfører ekstra kostnader eller vanskar for kommunen.
6 Rett til opplæring i punktskrift
Sterkt svaksynte elevar og blinde elevar skal ha rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i å bruke nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane skal også ha rett til nødvendig opplæring i å ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet. Retten skal oppfyllast innanfor 2 033 ekstratimar i grunnskolen og 608 ekstratimar i den vidaregåande opplæringa.
7 Læremiddel for punktskriftbrukarar
For at retten til likeverdig og tilpassa opplæring skal vere reell for punktskriftbrukarar, er det viktig å leggje til rette for at læremiddel for gruppa er tilgjengeleg frå skolestart. Her kan det t.d. bli aktuelt å avgrense omfanget av produksjonen og å sikre betre samordning mellom aktørane.
Faktaarket og Ot.prp. nr. 44 (1999-2000) om endringar i opplæringslova ligg på denne internett-adressa: http://kuf.dep.no/kuf/publ/proppubl.html