Historisk arkiv

Lokale tiltak reduserer klimautsleppa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Fleire lokale prosjekt i Noreg bidreg til å redusere utsleppa av klimagassar. -Det er oppløftande å sjå at sjølv små støttemidlar kan utløyse gode klima- og energi-tiltak i kommunane, seier miljøvernminister Siri Bjerke (17.11.00) Sjå pressemelding.

Pressemelding

Dato: 17.11.00

Lokale tiltak reduserer klimautsleppa

Fleire lokale prosjekt i Noreg bidreg til å redusere utsleppa av klimagassar. Miljøverndepartementet fekk etter handsaming av revidert nasjonalbudsjett i juni 3 mill. kroner til lokale tiltak for å redusere klimagassutslepp for å støtte opp om arbeidet med klima- og energiplanlegging i kommunane.

-Det er oppløftande å sjå at sjølv små støttemidlar kan utløyse gode klima- og energi-tiltak i kommunane, seier miljøvernminister Siri Bjerke. -Dette er gode eksempler på korleis ein kan tenkje globalt og handle lokalt.

Gjennom satsinga på Lokal Agenda 21 har det bl.a. vore fokus på klima- og energifeltet for å fremje berekraftig utvikling. Prosjekta som får støtte frå departementet omfattar brenselskifte frå fyringsolje til bioenergi, utnytting av metangass og spillvarme frå avfallsplassar i fjernvarmesystem for oppvarming av næringsbygg og husvære. Det er gitt støtte til prosjekter i Kongsberg, Verdal, Steinkjer, Inderøy, Elverum og Drammen.

Kongsberg næringspark har fått støtte til eit anlegg for utnytting av biogass og deponigass. Forbrenning av gassane vil varme opp industribygg. Elverum Energiverk skal byggje eit avfallsforbrenningsanlegg som vil kunne forsyne industribygg i nærområdet med fjernvarme. Desse prosjekta kombinerer reduserte utslepp av klimagassar med utnytting av avfall og redusert behov for elektrisk kraft. Fire veksthus i Nord-Trøndelag har saman laga ein plan som gjer at oppvarminga i framtida vil skje med biobrensel framfor olje. I Drammen går det kommunale avfallsselskapet Lindum Energi og Gjenvinning og Block Watne AS saman om å byggje eit boligfelt der alle husværa skal varmast opp med fjernvarme frå eit metangassanlegg. Dette vil gje miljøvenlege hus med godt inneklima.

Miljøverndepartementet vil også neste år støtte lokale prosjekt som reduserer utslepp av klimagassar.

Kontaktpersonar:
Rådgivar Svend Søyland, tlf. 22 24 60 41
Rådgivar Inger Johanne Wiese, tlf. 22 24 60 26