Historisk arkiv

Nasjonalparkane på Internett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Nasjonalparkane på Internett

I samband med markeringa av årets nasjonalparkdag 24. mai, lanserer Direktoratet for naturforvaltning nye internettsider om nasjonalparkane i Noreg. Sidene inneheld generell informasjon om alle dei 18 nasjonalparkane i landet og om nasjonalparksentra.
Noregs nasjonalparkar

Dato: 24. mai 2000

Informasjonen skal gi oversikt over kva som særpregar dei ulike nasjonalparkane, kvar dei ligg i landet, og vise interesserte vidare til meir informasjon. Sidene er laga i både norsk og engelsk versjon for å nå eit internasjonalt publikum.

Nasjonalparkinformasjon over grensene er vårt bidrag til markeringa av ein viktig del av natur- og kulturarven i Europa. Den europeiske nasjonalparkdagen blir i dag arrangert for andre gang etter at The Europarc Federation, den europeiske paraplyorganisasjonen for verna område lanserte 24. mai som markeringsdag for vern og utvikling av nasjonalparkar. Organisasjonen har medlemar i 34 land, deriblant Noreg.

The Europarc Federation sine internettsider