Historisk arkiv

Unge med sommarjobb på "tinget"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Denne veka er 100 ungdommar frå heile landet samla til Sommarleir på Stortinget. Dei har sjølvsagt oppretta ein miljøkomité, og i dag deltek miljøvernminister Siri Bjerke i spørjetimen på sommartinget. Du kan lese meir om sommarleiren på heimesidene til Verdikommisjonen. (28.06.00)

Unge med sommarjobb på "tinget"

Søndag 25. juni starta Sommarleir på Stortinget i regi av Verdikommisjonen. 100 unge frå heile landet er plukka ut med loddtrekking til å delta på arrangementet. Dette er ikkje ungdomspolitikarar, men vanleg ungdom med engasjement.

I ei veke skal ungdommane i alderen 14-19 år jobbe med politiske saker som opptek dei. Det er deltakarane sjølv som har vald ut dei tema dei ønskjer å jobbe med, og ut frå det har dei sett ned Stortingskomitear.

Undervegs får dei besøk av "ekte" politikarar, og onsdag 28. juni er Miljøvernminister Siri Bjerke innom Sommartingets spørjetime.