Historisk arkiv

Verneplan for barlind og kristtorn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke verneplan for barlind og kristtorn på Vestlandet. Nokre av dei største og best utvikla barlind- og kristtornførekomstane i verda er å finne her. (13.10.00)

Pressemelding

Dato: 13.10.00

Verneplan vedteken for barlind og kristtorn på Vestlandet

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke verneplan for barlind og kristtorn på Vestlandet. Nokre av dei største og best utvikla barlind- og kristtornførekomstane i verda er å finne på Vestlandet. Dette medfører eit internasjonalt verneansvar for Noreg.

I alt 21 område blir freda som naturreservat og fire blir verna som landskapsvernområde, med plantelivsfreding av barlind/kristtorn. Det samla arealet er omlag 6,6 km2, av dette er 5,1 km2 naturreservat og 1,5 km2 landskapsvernområde. Saman med verneplan for barlind og kristtorn i Aust-Noreg, som vart vedteken i 1996, utgjer dette verneplanen for barlind og kristtorn i Noreg.

Barlind og kristtorn er varmekrevjande treslag som stort sett finst i kyststroka sør for Romsdal. Artane har nordgrensa si i Noreg. På Vestlandet, især i Sunnhordland, finst nokre av dei største og best utvikla barlind- og kristtornførekomstane i verda. Noreg har difor eit internasjonalt ansvar for å ta vare på desse områda. I tillegg til barlind og kristtorn inneheld ofte områda også annan verneverdig vegetasjon med varmekrevjande og sjeldne artar.

Med denne verneplanen ønskjer regjeringa å sikre førekomstane i ein heilskapleg samanheng med den vegetasjonen og faunaen som naturleg høyrer heime her. Nokre av lokalitetane, særleg kristtornførekomstane, er kulturpåverka og kan vere avhengige av skjøtsel for å oppretthaldast.

Følgjande 25 område er omfatta av verneplanen:

Rogaland:

Linborgvatnet naturreservat, Sokndal kommune, Rogaland fylke

Nesvåg naturreservat, Sokndal kommune, Rogaland fylke

Nesheim naturreservat, Finnøy kommune, Rogaland fylke

Kåda naturreservat, Hjelmeland kommune, Rogaland fylke

Bjørklund naturreservat, Suldal kommune, Rogaland fylke

Hordaland:

Romsa naturreservat, Ølen kommune, Hordaland fylke

Langebudalen naturreservat, Etne kommune, Hordaland fylke

Sæbøskòra naturreservat, Kvinnherad kommune, Hordaland fylke

Tveitabotn naturreservat, Kvinnherad kommune, Hordaland fylke

Ølveshovda landskapsvernområde, Kvinnherad kommune, Hordaland fylke

Gjuvslandslia landskapsvernområde, Kvinnherad kommune, Hordaland fylke

Brandvik landskapsvernområde, Stord kommune, Hordaland fylke

Ånuglo naturreservat, Tysnes kommune, Hordaland fylke

Børevika naturreservat, Tysnes kommune, Hordaland fylke

Klyvelia naturreservat, Os kommune, Hordaland fylke

Barlindflaten naturreservat, Kvam kommune, Hordaland fylke

Flotaneset naturreservat, Modalen kommune, Hordaland fylke

Hestabotn naturreservat, Modalen kommune, Hordaland fylke

Møre og Romsdal:

Raudøya naturreservat, Ørsta kommune, Møre og Romsdal fylke

Raudøya landskapsvernområde, Ørsta kommune, Møre og Romsdal fylke

Barlindneset naturreservat, Ørsta kommune, Møre og Romsdal fylke

Amdam naturreservat, Skodje kommune, Møre og Romsdal fylke

Skinstadreset naturreservat, Skodje kommune, Møre og Romsdal fylke

Straumsdalen naturreservat, Skodje kommune, Møre og Romsdal fylke

Strand naturreservat, Averøy kommune, Møre og Romsdal fylke

Kontaktperson: Asbjørn Solås, tlf. 22 24 58 65