Historisk arkiv

Gode råd til ei verd på villspor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Den nye Worldwatch sjefen er generelt bekymra for at verda miljømessig er på feil spor, men i State of the World 2001 legg instituttet vekt på at løysingane finst. (08.02.01)

Gode råd til ei verd på villspor

Den nye Worldwatch sjefen er generelt bekymra for at verda miljømessig er på feil spor, men i State of the World 2001 legg instituttet vekt på at løysingane finst.

-Eit forskingsinstitutt som Worldwatch set ikkje løysingane ut i livet, men vi kan skildre, foreslå og fokusere på løysingar, seier den nye instituttleiaren Christopher Flavin.

Flavin er særleg oppteken av at vi ikkje lenger har tid på oss til å ta ein ting om gongen. På energiområdet t.d. må vi jobbe med fleire alternative løysingar parallelt, meiner han. Han nemner hydrogen og brenselsceller som interessante alternativ til olje og gass i kjørety, men seier samstundes at det er naudsynt å skifte til meir kollektivtransport. Å finne alternative løysingar til bruk av sprøytemidlar og kunstgjødsel i landbruket er eit anna område der Flavin ser eit stort potensiale.

Det er og pengar å spare på gode miljøverntiltak ifølge Flavin og State of the World Report 2001. Dei naturkatastrofene vi har vore vitne til det siste tiåret, som skuldast nedbryting av naturen, har kosta verda 608 milliardar dollar. Det er like mykje som kostnadane dei fire tiåra før dette til saman.

I år er første gongen Flavin er i Noreg som president i Wordwatch, men han har jobba i mange år som forskar ved instituttet i Washington D.C., og det er heller ikkje første gongen han besøker Noreg. Kuldegradane til tross, fekk han og lagt inn ein 3 mil lang skitur innimellom møte med norske politikarar og organisasjonar, så miljøengasjementet er ikkje berre knytta til skrivebordet.

For første gong på lenge er State of the World 2001 dessverre ikkje omsett til norsk. Tove Sørlie i Worldwatch Norden fortel at mange har ringt og spurt etter norsk utgåve, noko som viser at interessa for rapporten er stor. Rapporten blir forøvrig omsett til svært mange språk, ikkje berre til dei store verdsspråka, men og til litauisk og liknande marginale språk.

Du kan lese meir om Worldwatch og om rapporten på sidene til www.worldwatch-norden.no eller på www.worldwatch.org