Historisk arkiv

Misjonsstasjonen som vart "eco-village"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Under reisa si i Sør-Afrika denne veka, besøkte Miljøvernminister Siri Bjerke m.a. den gamle misjonsstasjonen i Wupperthal. Samarbeidet med Noreg har bidrege til at dette har vorte eit attraktivt turistmål. (09.02.01)

Misjonsstasjonen som vart "eco-village"

Under reisa si i Sør-Afrika denne veka, besøkte Miljøvernminister Siri Bjerke m.a. den gamle misjonsstasjonen i Wupperthal. Samarbeidet med Noreg har bidrege til at dette har vorte eit attraktivt turistmål. (09.02.01)

Wuppertal ligg ei god reise frå Cape Town (360 km). Likevel har dei gjennom sitt internasjonale omdømme som "Eco-village" 600 besøk i månaden i høgsesongen og 200 i lågsesongen.

Miljøvernminister Siri Bjerke og politisk rådgivar Jo Stein Moen i "øko-landsbyen" Wupperthal.

Det spesielle med Wupperthal er at husa i byen ikkje har vore endra sidan 1800-talet. Eit besøk her er derfor som eit besøk 150 år tilbake i tida. Byen ligg dessutan svært isolert og det er 80 km til nærmaste by, som er Clanwilliam.

Wupperthal vart grunnlagt som misjonsstasjon i 1930 og er ein av dei eldste misjonsstasjonane i Sør-Afrika. Det er fortsatt kyrkja som eig all jord, eigedom og hus i byen, og innbyggjarane har ein låneavtale med kyrkja. I dag er det 1721 fast busette i Wupperthal.

Den norske finaniseringa er ein del av det miljøvernsamarbeidet med Sør-Afrika som kom i gang i 1996. Det norske bidraget til turisme og utvikling i Wupperthal er på 1,2 millioner kroner.