Historisk arkiv

Spørsmål til skriftleg svar nr 4 frå John Dale til nærings- og handelsministeren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Brev av 6. oktober 2000

Stortinget
Ekspedisjonskontoret
Karl Johans gt. 22
0026 OSLO

Dykkar ref

Vår ref (før opp ved svar)

Dato

2000/4301 SSH

6.10.2000

Spørsmål til skriftleg svar nr. 4 frå John Dale til nærings- og handelsministeren.

Eg viser til brev den 03.10.00 frå presidenten i Stortinget med spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant John Dale.

Spørsmål:

Hjørnesteinsbedrifta Norway Foods AS i Skånevik står i fare for å bli nedlagd. Bedrifta representerer 70 arbeidsplassar i eit bygdesamfunn med under 1000 innbyggjarar. Det er no viktig å samla krefter på tvers av politiske parti. Kva for verkemiddel ser Næringsministeren tilgjengeleg m.a. i det offentlege verkemiddelapparatet for samarbeid med private eigarinteresser om å bidra til vidare lønsam næringsmiddelproduksjon i åra framover ved fabrikkanlegget i Skånevik?

Svar:

Norway Foods AS blei skipa i 1981 etter strukturrasjonalisering av norsk sardinindustri, og verksemda blei tatt over av Rieber & Søn i 1996. Konsernet har hovudkontor i Bergen og har m.a. tre hermetikkfabrikkar for sardinproduksjon i Hordaland (Eikelandsosen, Davanger og Skånevik). Eg har merka meg at Norway Foods AS ikkje greier å selje alt som fabrikkane produserer. Det verker ikkje som det er usemje om at det er store kostnader forbunde med å halde oppe ein struktur med produksjon ved tre fabrikkar.

Ved skipinga av Norway Foods AS i 1981 blei det løyvd i storleiken 60 mill. kroner i lån og stønad til investeringar og drift. Årsaka var m.a. eit ønske om å slå saman fleire fabrikkar for å skape ein lønsam struktur. I høve til den stønaden som blei gjeve i 1982 er det ikkje grunnlag for departementet til å gripe inn i denne saka.

På Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett er det ikkje midlar som departementet kan nytte til omstilling av bedrifter. Styresmaktene si deltaking i slike saker skjer gjennom Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) sine ordningar til eigenkapital, kompetanseheving og investeringar. I høve til dei distriktspolitiske ordningane er Skånevik i Etne kommune innafor det distriktspolitiske verkeområdet. Norway Foods AS vil derfor kunne søke SND om midlar til eventuelle prosjekt for utvikling av verksemda. I tilfelle vil det vere viktig med nær kontakt mellom verksemda, Hordaland Fylkeskommune og SND sitt distriktskontor. Spørsmålet om ei eventuell medverking frå SND vil måtte bli vurdert av fondet ut frå dei retningslinene som er lagt. Det er ikkje aktuelt å gå inn med spesielle tiltak frå styresmaktene si side i saka.

Saka er tatt opp med Kommunal- og regionaldepartementet og samarbeidsrådet for Sunnhordland. Dersom ei så stor og viktig bedrift som Norway Foods AS i Skånevik blir lagt ned, kan det vere aktuelt å gå inn med omstillingsmidlar. Kommunal- og regionaldepartementet har gjeve tilsegn om omstillingsmidlar til kommunane Stord og Fitjar. I tilsegnsbrevet har departementet opna for ein større omstillingsregion:

" Kommunal- og regionaldepartementet åpner også opp for at andre kommuner i regionen kan komme med i omstillingsarbeidet som nå settes i gang i Stord og Fitjar. Kommuner som ønsker å delta i et større regionalt omstillingsarbeid (med utspring i Stord og Fitjar), tar selv initiativ overfor fylkeskommunen samt Stord og Fitjar kommuner. En utvidelse vil eventuelt kunne skje i forbindelse med første del av gjennomføringsfasen."

Dersom det er naturleg å kople Skånevik-problematikken inn dette arbeidet, kan Etne kommune søke om å delta ved å ta initiativ overfor Hordaland fylkeskommune og Stord og Fitjar kommunar.

Eg delar di bekymring for dei verknadene ei eventuell nedlegging kan få for kommunen og lokalsamfunnet Skånevik. Verksemda har orientert departementet om omstruktureringa i Norway Foods AS. Eg vil om kort tid ha eit møte med leiinga Rieber & Søn for å bli oppdatert om dei framtidige planane for verksemda.

Med helsing
Grete Knudsen