Historisk arkiv

Nye vedtekter for Teknologirådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 70/00
Dato: 29.11.2000
Kontaktperson: Avd.dir. Per E. Nilsen, telefon 22 24 66 02

Nye vedtekter for Teknologirådet

Ansvaret for Teknologirådet blei overført frå Kyrkje-, undervisnings- og forskingsdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet 1.7.2000. I den samanheng blei det vedteke å revidere vedtektene til Teknologirådet. Dei nye vedtektene blei fastsette ved kongeleg resolusjon 17.11.2000.

Målsetjinga med vedtektsendringane er mellom anna å auke fokuseringa på teknologien sitt potensiale. Oppgåva til Teknologirådet vil vere å stimulere til debatt om store teknologiutfordringar og å halde seg oppdatert på teknologi-vurderingar og teknisk framsyn. Vidare skal rådet taka initiativ til utgrei-ingar og debatt om teknologien sine konsekvensar og formidle resultata av sitt arbeid til Stortinget og andre styresmakter.

Teknologirådet skal framleis vere eit uavhengig organ.

Næringsdepartementet vil flytte sekretariatet til Teknologirådet frå Oslo til Trondheim. Forskings- og utdanningsmiljø i Trondheim arbeider med liknande problemstillingar, og ei samlokalisering bør derfor kunne bli gagnleg og inspirerande for båe partar.

Teknologirådet har i dag 10 medlemmar og 2 vararepresentantar. Dei nye vedtektene slår fast at rådet skal utvidast til 15 medlemmar og 2 vararepre-sentantar. Det skal vere ein føresetnad at minst halvparten medlemmane i rådet har naturvitskapeleg og/eller teknologisk bakgrunn. Departementet vil med det fyrste fremje forslag til samansetting av det nye teknologirådet. Departementet tar i hovudsak sikte på å oppnemne på nytt dei noverande medlemmane .