Historisk arkiv

Førebuingar til forhandlingar om ei frihandelsavtale mellom EFTA-landa og Singapore

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 39/01
Dato: 27.04.2001
Kontaktperson: Ole Lundby, telefon 22 24 04 10

Førebuingar til forhandlingar om ei frihandelsavtale mellom EFTA-landa og Singapore

Søraust-Asia er ein raskt veksande og dynamisk region. For norsk næringsliv er god tilgang til dei store marknadene i denne regionen viktig. Det vart nyleg halde førebuande samtaler mellom EFTA-landa og Singapore om ei frihandelsavtale. Som følgje av desse samtalene har EFTA-landa vedteke at det skal setjast i gang forhandlingar om ei brei og ambisiøs frihandelsavtale som er i samsvar med WTO-regelverket. Dette er eit viktig skritt i retning av å leggje til rette for auka tilgang til denne marknaden.

I praksis har Noreg allereie tollfri tilgang til Singapore for dei fleste varer, inkludert fisk- og fiskeprodukt. Derfor legg Noreg vekt på at ei avtale skal omfatte tenester og investeringar, som blir ein stadig viktigare del både av norsk økonomi og av næringslivet sitt engasjement i utlandet. EFTA-landa og Singapore vart i dei førebuande samtalene samde om at ei frihandelsavtale i tillegg til varer, tenester og investeringar, også skal omfatte liberalisering av marknaden for offentlege innkjøp.

Noreg har vesentlege næringsinteresser i Singapore, blant anna innan fiskeri, skipsfart, petroleums- og kjemisk industri, IT og telekommunikasjon.

Ein tek sikte på å gjennomføre forhandlingane i løpet av sommaren og hausten 2001. Om denne tidsplanen held, kan frihandelsavtala bli underteikna på EFTA sitt ministermøte i desember 2001, under norsk formannskap.