Historisk arkiv

Stortingsmelding om organisering av investeringsselskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 39/01
Dato: 20.04.2001
Kontaktperson: Jan Farberg, telefon 22 24 04 00

Stortingsmelding om organisering av investeringsselskap

I stortingsmeldinga, som vart lagt fram i dag, foreslår regjeringa at private investorar og staten går saman om å skipe fleire bransjeretta investeringsfond.

Investeringsfonda skal ha privat fleirtal på eigarsida og vil hovudsakleg operere innafor venturemarknaden. Fonda vil bli retta inn mot bransjar og klynger som er eller kan bli viktige for å møte utfordringa om auka verdiskaping i framtida. Dette kan til dømes være områder som IKT, marin, bioteknologi, energi, miljø, maritim og helse/medisin.

Dei private aktørane kan vere private investorar, venturefond og institusjonelle investorar. Desse skal bidra med langsiktig og kompetent kapital.

Løyvinga frå staten på 2,45 mrd. kroner vil, saman med privat kapital, gje grunnlag for ei samla satsing på minst 5 mrd. kroner. Ein legg opp til at dei einskilde fonda blir i storleiken 500 mill. kroner eller meir.

Private initiativ vil vere avgjerande for lokalisering av fonda. I den samanheng blir det lagt vekt på at midla bør rettast inn mot å styrke eksisterande eigar-, kapitalforvaltar- og FoU-miljø i heile landet.

- Det er viktig å knytte aktivt og langsiktig eigarskap opp mot dei ulike FoU-miljøa, slik at idear og prosjekt kan utviklast til lønsam verksemd. For å skape dynamikk i desse prosessane er kapitalforvaltarmiljøa særs viktige. Det er først og fremst her utfordringa ligg, og ikkje i same grad når det gjeld tilgangen på kapital og prosjekt, seier nærings- og handelsminister Grete Knudsen.

- Det har vore eit stort regionalt engasjement. Ulike miljø innafor forsking, næringsutvikling og eigarskap, frå heile landet, har kome med forslag om korleis investeringsfonda bør organiserast. Dei har samstundes vist vilje og evne til å væra med på å sette i verk den nye modellen, seier Grete Knudsen.

Eit reint statleg aksjeselskap underlagt Nærings- og handelsdepartementet vil ta vare på den statlege delen av eigarskapet. Staten vil gjennom dette selskapet opptre som ein profesjonell eigar, med same krav om avkasting og utbytte som dei private eigarane. - Dette investeringsselskapet vil byggje opp eigarkompetanse, som kan nyttast i ein vidareutvikling av staten som profesjonell eigar, seier nærings- og handelsministeren.

Stortingsmeldingen kommer her.