Historisk arkiv

Ny avdelingsdirektør i Olje- og energidepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 43/00
Dato: 07.07.2000
Kontaktperson: Ingvild T. Haug 22 24 61 07

Ny avdelingsdirektør i Olje- og energidepartementet

I statsråd i dag blei seniorrådgjevar Ann Margaret Løseth utnemnd til avdelingsdirektør i Olje- og energidepartementet.

Ann Margaret Løseth, 40 år, er cand.mag. frå Universitetet i Oslo. Ho kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i Statens vegvesen, Vegdirektoratet. Løseth skal leie Personal- og administrasjonsseksjonen i Administrasjons- og økonomiavdelinga.