Historisk arkiv

Verdivurderingar av Statkraft SF

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 44/00
Dato: 12.07.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Per Håkon Høisveen, 22 24 63 80

Verdivurderingar av Statkraft SF

Som eit ledd i Olje- og energidepartementet si oppfølging av eigarskapet av Statkraft SF, vil det i sommar bli gjennomført to uavhengige verdivurderingar av føretaket.

Statssekretær Bjørg Sandal seier at staten som eineeigar treng innspel frå uavhengige aktørar på korleis selskapet blir vurdert. Verdivurderingane vil gje betre informasjon om føretaket sine prestasjonar og framtidsutsikter.

Revisjonsselskapet Ernst & Young AS og investeringsbanken Dresdner Kleinwort Benson skal gjennomføra verdivurderingane.

Verdivurderingane skal gje informasjon om korleis uavhengige aktørar i marknaden vurderer og verdset Statkraft si verksemd. Analysane skal innehalde grunngjevne overslag på marknadsverdien av foretaket. Like viktig er kvalitative vurderingar av føretaket sine prestasjonar, konkurranseposisjon, framtidsutsikter osv., både med omsyn til operative og strategiske forhold.