Historisk arkiv

Ekstraordinær generalforsamling i Statoil

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 48/00
Dato: 23.08.00

Kontaktperson:

Sissel Edvardsen, 90 19 73 82

Ekstraordinær generalforsamling i Statoil

På ei ekstraordinær generalforsamling i Statoil vart tidligere administrerende direktør i ELF Norge, Jerome Contamine og informasjonssjef i LO, Ellen Stensrud valde som nye styremedlemar i Statoil sitt styre. Tidlegare styremedlem Rune Bjerke ba om å bli løyst frå sitt verv i styret på grunn av si nye stilling som administrerande direktør i Hafslund ASA. Dei nye styremedlemane vart valde fram til ordinær generalforsamling i Statoil i år 2001.

– Valet av dei to nye styremedlemane til Statoil sitt styre, styrkjer selskapet slik at det enno betre kan møte dei framtidige store utfordringane. Dette gjeld både satsing på norsk sokkel, og ikkje minst dei internasjonale ambisjonane Statoil har, seier Olje og energiminister Olav Akselsen.

Styret i Statoil består etter dette av 11 personar. Dei 8 valt av generalforsamlinga er Ole Lund (styreleiar), Kirsti Koch Christensen, Jerome Contamine, Finn A. Hvistendahl, Bente Rathe, Ellen Stensrud, Ingvar M. Sviggum og Knut Åm. Dei 3 valt av og mellom dei tilsette er; Marit Bakke, Lill Heidi Bakkerud og Stein Bredal.