Historisk arkiv

Innstilt på å finna ei løysing med Stortinget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 52/00
Dato: 06.09.2000

Kontaktperson:

Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Innstilt på å finna ei løysing med Stortinget

Olje- og energiminister Olav Akselsen seier i ein kommentar til det varsla brevet frå Stortinget om Beiar-utbygginga :

-Utgangspunktet mitt er at me skal finna ei løysing i lag med Stortinget. Men me må samstundes halde oss til dei lovar og reglar som finst, og dei vedtaka som Stortinget tidlegare har gjort i denne saka. Når brevet kjem, vil eg studera det med velvilje, seier statsråd Akselsen.