Historisk arkiv

Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 80/00
Dato: 27.10.2000

Kontaktperson:

Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark

Olje- og energidepartementet legg i dag fram ei stortingsmelding om kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark.

Olje- og energiminister Olav Akselsen seier i ein kommentar at omlegginga av kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark er eit ledd i arbeidet mot ein meir open og integrert nordisk kraftmarknad. - Eg legg opp til at kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark skal byggja på dei same prinsippa som i dag gjeld for utveksling av kraft mellom Noreg, Sverige og Finland, seier Akselsen.

Utvekslingsavtalane for Skagerrakkablane er reforhandla. Statkraft SF og ei rad andre norske energiselskap, og avtalepartane; danske ELSAM A/S og tyske E.ON Energie AG, gjev frå seg rettane sine knytt til bruk av kablane. Mellom anna fell plikta om fast levering til Danmark bort. Sentralnettselskapa i Noreg og på Jylland/Fyn (Statnett SF og Eltra amba) tek over ansvaret for å organisera den fysiske kraftutvekslinga mellom dei to landa.

Departementet føreset at organiseringa legg til rette for ei mest mogleg sikker og effektiv kraftutveksling mellom landa. Det vert lagt vekt på prinsippet om likeverd i samarbeidet. Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark skal basera seg på Nord Pool sine områdeprisar og at grensetariffane blir fjerna. Den norske delen av kostnadene og flaskehalsinntektene knytt til Skagerrakkablane, vil falla innanfor sentralnettsordninga. Den samla auken av tariffane i sentralnettet vil i følgje Statnett vera opp til 11 prosent, men flaskehalsinntekter vil redusera tariffen.

Ein tek sikte på at den nye organiseringa av kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark skal tre i kraft frå årsskiftet. Før departementet kan gi ny konsesjon, må det liggja føre eit tilstrekkeleg avtaleverk mellom partane.