Historisk arkiv

Kraftvilkåra til industrien avklara

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 29/00
Dato: 02.06.2000

Kraftvilkåra til industrien avklara

Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag for Stortinget, St.prp. nr. 78 (1999-00), om endringar i vilkåra for Statkraft sine industrikontraktar og leigeavtalar.

-Dette er berre ei mindre justering av det Stortinget tidlegare har vedteke, seier olje- og energiminister Olav Akselsen. -Politikken overfor den kraftkrevjande industrien ligg fast. Med denne justeringa har vi no fått avklart industrikontraktane med EFTA sitt overvakingsorgan (ESA). Alt skulle no ligge til rette for at bedriftene i september kan inngå kraftavtalar for 20 - 30 år framover. Industrien og lokalsamfunna vil no endeleg få avklart dei langsiktige kraftvilkåra sine.

I fjor vår blei 18 bedrifter gjeve tilbod om nye langsiktige kraftkontraktar frå 1.1.2001 (St. prp. nr. 52 (1998-99)). Industrien vart og gjeve tilbod om leigeavtalar i Saudavassdraget, Tysso II og Svelgen I og II frå same tidspunkt. Det er vilkåra i dette tilbodet som no vert endra noko.

Departementet har tidlegare gjeve ESA utfyllande informasjon om desse avtalane. Bakgrunnen er ei klage frå Bellona til ESA, der Bellona hevda at dei nye avtalane inneheld ulovleg statsstønad og dermed er i strid med EØS-avtalen. ESA har no slått fast at det ikkje er i strid med konkurransereglane å inngå langsiktige kraftkontraktar, i tråd med Stortinget sitt vedtak i fjor vår.

Men ESA er usamd i eitt punkt i stortingsvedtaket. Det gjeld avslutninga av dei eldre kontraktane og prisane som følgjer av dette.

Statsråd Akselsen seier at vilkåret om avslutning av eldre avtalar etter Regjeringa sitt syn ikkje inneber at dei nye avtalane vil innehalde ulovleg statsstønad. Men det er ikkje ynskjeleg med ein lang og usikker prosess med ESA. Industrien, lokalsamfunn og Statkraft er best tent med ei rask avklaring om dei langsiktige kraftvilkåra.

Regjeringa har difor i dag fremma forslag om å fjerne vilkåret om å avslutte dei eldre avtalane. Forslaget inneber at dei eldre avtalane vart uforandra fram til dei går ut i 2004 - 2010. Det meste av dei nye avtalane vil no tre i kraft når dei gamle går ut. Når ein ser dei gamle og nye avtalane saman, vart kraftprisen den same som før.

Kontaktperson:
Sissel Edvardsen 22 24 61 09