Historisk arkiv

Kvitebjørn og Grane skal byggjast ut

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 22/00
Dato: 28.04.2000
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Kvitebjørn og Grane skal byggjast ut

- Regjeringa går inn for å byggje ut Kvitebjørnfeltet og Granefeltet. Utbygginga av disse felta vil vere viktig for sysselsetjinga i leverandørindustrien og i følgje selskapa direkte gje om lag 15.000 årsverk. I tillegg kjem indirekte sysselsetjingsverknader. Det meste av arbeidet vil bli gjennomført i perioden 2001 til 2004, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

Leverandørindustrien vil i 2000 og i første del av 2001 elles vere inne i ein periode med få nye utbyggingsprosjekt. Fleire leverandørbedrifter har allereie gått til oppseiingar og permitteringar. Utan nye store prosjekt vil det bli fleire nye oppseiingar og permitteringar i industrien - særskild ved offshoreverfta. Grane og Kvitebjørn er store feltutbyggingar som vil gje nye arbeidsoppgåver til leverandørindustrien, og vere eit viktig bidrag til å oppretthalde sysselsetjing i ei elles vanskeleg tid.

Kvitebjørn er eit lite gass- og kondensatfelt i den nordlege delen av Nordsjøen. Rettshavarane i Kvitebjørn er Statoil (operatør), Hydro og Elf. Feltet inneheld utvinnbare reservar på 47 mrd Sm 3> tørrgass, 17 mill Sm 3> kondensat og nafta i tillegg til mindre mengder våtgass.

Feltet vil bli bygd ut med ei integrert produksjonsinnretning med full boreutrusting, bustadkvarter og prosessutrusting som skil ut og stabiliserer kondensatet. Gassen vil verte transportert i ein ny røyrleidning til gassmottaket på Kollsnes for videre prosessering. Kondensatet vil bli skipa i ein ny røyrleidning (Kvitebjørn Oljerøyr) som skal koplast til Troll Oljerør 2 for vidare transport til Mongstad. Kvitebjørn vil verte tildelt leveranseansvar under gassalsforpliktingar som Gassforhandlingsutvalet har inngått.

Produksjonen frå Kvitebjørn vil etter planen starte opp i 2004 og ha eit platånivå på om lag 6 mrd Sm 3> gass per år. Totale investeringar for prosjektet er vurdert til 8,7 mrd kroner medrekna investeringar i røyrleidningar og utvidingar i landanlegga på Kollsnes. Noverdien av prosjektet er vurdert til 3,6 mrd kroner ved avkastingskrav på 7 prosent reelt før skatt.

Regjeringa går og inn for utbygging av Granefeltet. Grane er eit stort oljefunn som ligg om lag 160 km vest for Stavanger. Rettshavarane for Grane er Hydro (operatør), Statoil og Esso. Feltet inneheld 112 mill Sm 3> olje og vil bli bygd ut med ei integrert plattform som står på havbotnen. Plattforma vil ha fullt bore- og prosessanlegg og bustadkvarter. Oljen vil bli skipa i ein ny røyrleidning til Stureterminalen. Gass vil bli nytta for å auke produksjonen av olje. Då det er små mengder gass i Granefeltet, vil bli importert gass frå andre felt gjennom ein ny røyrleidning frå Heimdalfeltet. Produksjonen frå Grane vil i følgje planen ta til hausten 2003 og nå eit nivå på meir enn 200.000 fat per dag innan 2005.

Totale investeringar for Grane er vurdert til 15 mrd kroner medrekna investeringar i røyrleidningar og endringar i landanlegga på Sture. Noverdien av prosjektet er vurdert til 10,9 mrd kroner ved avkastingskrav på 7 prosent reelt før skatt.

- Gassen frå Kvitebjørnfeltet vil medverke til å auke fleksibiliteten i produksjonskapasiteten frå norsk sokkel. Utbygginga av Kvitebjørn er eit viktig tilskot til å dekke ein aukande etterspurnad etter gass i Europa. Grane vil vere ei stor og lønsam feltutbygging. Utbygginga av Kvitebjørn og Grane vil dessutan vere viktig for å sikre sysselsettinga i verftsindustrien, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.