Historisk arkiv

Nominasjon til Nordsjørunden 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 35/00
Dato: 16.06.2000

Nominasjon til Nordsjørunden 2000

Olje- og energidepartementet har motteke forslag frå 15 selskap om blokker som dei ynskjer inkludert i Nordsjørunden 2000. Desse selskapa er Agip, Amerada Hess, BPAmoco, Chevron, Conoco, Dong, Enterprise, EssoMobil, Fortum, Hydro, Phillips, RWE-DEA, Shell, Statoil og TotalFina/Elf. 34 blokker eller delar av blokker i Nordsjøen er foreslått av to eller fleire selskap.

På bakgrunn av dei innkomne forslaga vil departementet velje blokker for utlysing.

- Gjennom Nordsjørundane vil selskapa på sokkelen få betre tilgang til areal. Dette vil medverka til auka sysselsetting og ein effektiv ressursforvalting av kontinentalsokkelen, seier olje- og energiminister Olav Akselsen i ein kommentar til dei innkomne nomineringane.


Departementet tek sikte på å utlysa blokker i 3. kvartal 2000. Konsesjonstildeling vil då kunne finna stad ved årsskiftet 2000/2001.

Se kart

Kontaktperson:
Sissel Edvardsen, 22 24 61 09