Historisk arkiv

Nordsjøtildelingane 2000 - innbyding til å søkja om utvinningsløyver

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 53/00
Dato: 07.09.2000

Kontaktperson:

Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Nordsjøtildelingane 2000 – innbyding til å søkja om utvinningsløyver

-Nordsjøtildelingane 2000 er eit viktig ledd i den langsiktige ressursforvaltninga på kontinentalsokkelen. Gjennomføringa av desse tildelingane vil medverka til auka aktivitet i leitemiljøa, og vil på sikt kunne gi nye feltutbyggingar. Dette vil jamna ut aktivitetsnivået og medverka til å sikra sysselsetjinga i næringa, seier olje- og energiminister Olav Akselsen. Statsråden legg til at omsynet til fiskeri og miljø har vore retningsgivande ved val av dei nye felta.

I Nordsjøen har leiteverksemda gått for seg over mange år. Aktivitetane starta i 1965, og det er sidan bora om lag 520 leitebrønnar i området. Dei venteleg største felta er påvist og sett i produksjon. Det er godkjent 48 feltutbyggingar i området. Det er enno eit potensiale for å påvisa nye lønsame ressursar i Nordsjøen. Om lag ein tredel av dei uoppdaga ressursane i Nordsjøen ventast å liggja i område som det ikkje er gitt utvinningsløyve for.

Det utlyste arealet utgjer totalt 40 blokker eller delar av blokker. Området som vert avgrensa som seismikkområde er vist på kartet.

Søknadsfristen er sett til 14. desember 2000. Nye utvinningsløyve vil då kunne verta tildelt 1. kvartal 2001.

Følgjande blokker eller delar av blokker er lyste ut:

  • 1/2, 3, 5 og 6
  • 3/5, 7 og 8
  • 4/1
  • 7/5, 7, 8 og 9
  • 15/5 og 8
  • 16/2, 3, 5 og 6
  • 17/5, 7 og 8
  • 25/7
  • 29/6
  • 30/4 og 11
  • 31/5
  • 34/5, 6 og 9
  • 35/1, 3 og 7
  • 26/1, 2, 4, 5, 7 og 8 og 31/10 og 11

Se kart