Historisk arkiv

Nordsjøtildelingane 2000 på norsk kontinentalsokkel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 87/00
Dato: 14.12.2000

Kontaktperson: Ingvild T. Haug, 22 24 61 09

Nordsjøtildelingane 2000 på norsk kontinentalsokkel

Ved utløpet av søknadsfristen for Nordsjøtildelingane 2000 på norsk kontinentalsokkel har Olje- og energidepartementet motteke søknader frå 13 selskap. Selskapa som har søkt om utvinningsløyver er: Agip, Aker Maritime, BP Amoco, Chevron, Conoco, Enterprise, EssoMobil, Hydro, Fortum, Phillips, RWE-DEA, Shell og Statoil. Departementet tek sikte på å tildele nye utvinningsløyve i Nordsjøtildelingane 2000 i løpet av 1. kvartal 2001.

-Eg er nøgd med at så mange selskap viser interesse for denne Nordsjørunden. Tildelingane blei kunngjort for å sikre at ressursane i Nordsjøen blir forvalta på ein god måte. Samstundes er det viktig at næringa får høve til å utnytte dei gjenverande ressursane på ein forretningsmessig måte, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.