Historisk arkiv

Ny giv for opprusting og utviding av vasskraftverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 28/00 Dato: 12.05.2000 Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Ny giv for opprusting og utviding av vasskraftverk

Regjeringa foreslår i Revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2000 å fjerna investeringsavgifta for vasskraftverk. Dette førar til ei avgiftslette på 115 millioner kroner i år. Denne letta vil auka lønsemda i alle investeringar i vasskraftverk og mange opprustings- og utvidingsplanar vil verta henta opp frå skuffene.

Investeringar i vasskraftanlegg vert med dette likestilt med investeringar i andre former for fornybare energikjelder. Dette er eit viktig enøktiltak, og vil også auka produksjonen av fornybar energi.

Stortingsfleirtalet ba den førre regjeringa to gonger om å leggja fram forslag om eit mellombels investeringsavgiftsfritak på to år frå 1.1.2000 for einskilde investeringar i vasskraftanlegg. Når den nye Regjeringa no legg fram forslag om dette i RNB går den lengre, både fordi fritaket ikkje vert avgrensa i tid, og fordi det vil omfatte alle investeringar i vasskraftanlegg etter denne datoen.

- Alle investeringar som gjeld produksjon av vasskraft vert frå 1. januar i år fritekne frå investeringsavgift. Det vert ikkje sett tidsavgrensing på avgiftsfritaket, seier olje- og energiminister Olav Akselsen. Han seier vidare at forslaget fjernar ei særavgift på norsk vasskraftproduksjon, som konkurransemessig har vore ei ulempe for kraftbransjen. - Fritaket frå investeringsavgift legg til rette for auka investeringar i ny miljøvenleg og fornybar vasskraft i åra som kjem. Fritaket vil og være viktig for å oppretthalda kompetansen i leverandørindustrien, seier statsråd Akselsen.