Historisk arkiv

Ny organisering av arbeidet for effektivt energibruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 65/00
Dato: 04.10.2000


Kontaktperson: Førstekonsulent Ingvild Haug, 22 24 61 07

Ny organisering av arbeidet for effektivt energibruk

Olje- og energidepartementet vil oppretta eit nytt organ som skal leia arbeidet med omlegginga av energibruken og energiproduksjonen, og leggja dette til Trondheim. Eit nytt energifond skal vera med og finansiera verksemda.

-Det nye energi-organet vil gjennom ein meir effektiv organisering gje ein meir målretta satsing i energipolitikken. Trondheim er valt fordi byen har eit breitt energifagleg miljø, og det er særs viktig for at organet skal fungera godt, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

Oppgåvene til organet vil vera å fremja investeringar i alternativ energiproduksjon og å setja i verk tiltak som skal redusera energibruken. Omorganiseringa gjev ei klarare arbeidsdeling og ei meir heilskapleg styring av arbeidet enn i dag.

Energi-organet skal ta over oppgåver frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og energiverka. I utgangspunktet tar ein sikte på at det nye organet skal ha 20 – 30 tilsette. Mykje av det operative arbeidet vil bli gjort av lokale samarbeidspartnarar. Ein legg opp til at organet skal etablerast i juli 2001 og vera fullt operativt frå 1. januar 2002.

Eit påslag i nettariffen dekkjer i dag energiverka sine utgifter knytt til informasjon om enøk. NVE administrerer dei statlege løyvingane til energiomlegginga. Departementet vil i løpet av hausten leggja fram ei lovendring som gjer det mogleg å samla desse midla i eit energifond. Fondet skal leggja til rette for ei meir stabil finansiering og meir langsiktig og målretta satsing.